I dag er der 
14
14
 ledige job på Psykologjob.dk
Bemærk at denne jobannonce er udløbet!
Ansøgningsfristen for jobannoncen er overskredet, og stillingen kan ikke længere søges. Opslaget vises udelukkende som reference
Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

|
Indrykket 09-03-2017

Instituttleiar ved Institutt for klinisk psykologi Det psykologiske fakultet

Ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet er det ledig ei fagleg spanande og utfordrande åremålsstilling (fire år) som instituttleiar, med høve til å søkje om forlenging i inntil to nye periodar.

 

Det psykologiske fakultet tilbyr mange etterspurde studieprogram. Vi tilbyr  profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

 

Institutt for klinisk psykologi har ansvar for forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlag for psykologars yrkesutøving i helsevesenet, både innanfor spesialisthelseteneste, førstelinje og lavterskeltilbod. Instituttet sin forsking og kompetanse omfattar utredning og behandling av et breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda av evidensbasert psykologisk behandling. Vidare har instituttet kompetanse om korleis slik behandling kan utøvast i høve til i alle aldersgrupper og innanfor ei breidde av sosiokulturelle kontekstar. Instituttet har ansvar for intern klinisk opplæring og rettleia pasientbehandling i psykologutdanninga. Opplæringa er organisert med utganspunkt i tre psykologiske opplæringsklinikkar, poliklinikk for barn og ungdom, poliklinikk for unge vaksne og  poliklinikk for eldre.

 

Instituttet har om lag 18 tilsette i faste, vitskapelege stillingar, 11 ph.d kandidatar og postdoktorar samt 4 fast tilsette i teknisk-administrative stillingar.

 

Dei viktigaste oppgåvene til instituttleiar er følgjande:

 

  • Utøve forskings- og utdanningsleiing i tråd med fakultetet sin strategi, leggje til rette for og stimulere til gode, innovative forskingsmiljø og høg kvalitet i utdanningane, dertil å inspirere og motivere tilsette og studentar til fagleg utvikling

  • Bidra til fakultetet sine strategiar og sørgje for at instituttet har oppdaterte strategiar for instituttet si verksemd og sørgje for at ressursar ved instituttet vert nytta i samsvar med desse

  • Sørgje for veleigna teknisk-administrative tenester og for effektiv drift av verksemda, samt ha overordna ansvar for klinikkdrifta

  • Yte sitt til at instituttet har tilstrekkelege budsjettmessige økonomiske rammer, og leggje til rette for å auke verksemda som er basert på tilskot og finansiering av oppdrag, i tillegg til å sikre fullfinansiering av denne verksemda

  • Fremje eksternt og internt samarbeid

  • Utøve personalansvar for tilsette ved instituttet, ta i bruk relevante leiingsverkty, og ha ansvar for resultat innan utdanning, forsking, forskarutdanning, økonomistyring, administrasjon og formidling

  • Instituttleiar rapporterer til dekanus og inngår i fakultetet si leiargruppe

 

 

Vi søkjer instituttleiar som:

 

  • Er framståande forskar med relevant kompetanse, ønskeleg med professornivå

  • Har erfaring med å leie fagleg verksemd innan universitetssektoren og som kan vise til oppnådde resultat

  • Har leiarerfaring innanfor instituttet sine fagområde eller nære fagfelt

  • Har gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt med regionale og nasjonale samarbeidspartnarar

  • Har god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring

  • Har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog

  • Den som vert tilsett må kunne norsk eller eit anna skandinavisk språk

  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stilling vil bli vektlagt

 

 

Det er eit ynskje at leiarskapet vert kombinert med eiga forskingsaktivitet og fakultetet vil legge til rette for instituttleiar sin forskingsaktivitet og leiarutvikling.

 

Vi kan tilby:

 

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn som instituttleiar etter lønssteg 80-88 (kode 1475) etter hovedtariffavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette  utgjer for tida 785 000 - 985 700. For kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd

  • Gode velferdsordningar

 

 

Søknaden skal innehalde:

 

  • CV med fullstendig oversikt over utdanning og erfaring

  • Vitnemål

  • Attestar

  • Fullstendig publikasjonsliste med informasjon om kvar desse er publiserte

 

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i JobbNorge.

 

Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjars sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen.

 

Søknadsfrist: 31.03.2017

Søknaden skal merkast med: 17/2906

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

 

Jarle Eid, dekan

e-post: jarle.eid@uib.no

Tlf. 55 58 91 88

 

Ragna Valen, fakultetsdirektør

e-post: ragna.valen@uib.no

Tlf. 55 58 49 50

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Kontakt

Universitetet i Bergen

Postboks 7807
5020
Bergen
Norge
Praktisk information
Oprettet:
09-03-2017
Udløber:
31-03-2017
Kviknummer:
LJA-43540677
Jobtype:
Fuldtid
Arbejdsområde:
Ledelse
Beliggenhed
Beregn rute-/rejseplan
Lignende job
Region Hovedstaden, Psykiatri - Psykiatrisk Center Sct. Hans
Roskilde, Midtsjælland
Frist:
11-09-2017
Censorformandskabet
Frist:
15-09-2017